1 Kor sit ho då so einsleg, borgi den folkerike! Ho er vorti som ei enkja. Ho den velduge millom folki, fyrstinna millom byarne er trælkvinna vorti.
2 Ho græt so sårt um natti, og hennar tåror trillar på kinn. Ho hev ingen trøystar millom alle sine elskarar. Alle hennar vener hev svike henne, dei er vortne hennar fiendar.
3 Land laut Juda fly, utor trengsla og stor træling. Ho bur millom folki, finn ingen kvildarstad. Alle hennar forfylgjarar nådde henne på trongstigarne.
4 Vegarne til Sion syrgjer av di ingen kjem til høgtiderne. Alle hennar portar er aude, hennar prestar sukkar. Hennar ungmøyar er sorgtyngde, og for henne sjølv er det beiskt.
5 Hennar uvener er vortne dei fremste, hennar fiendar er velnøgde. For Herren hev lagt sorgi på henne for hennar mange misgjerningar skuld. Hennar småborn for fangar burt framfor fiendens åsyn.
6 So hev kvorve for Sions dotter all hennar pryda. Hennar hovdingar vart som hjortar som ikkje finn beite, og magtstolne gjekk dei der for forfylgjarens åsyn.
7 Og i sin vesaldoms dagar, med ho flakkar ikring, kjem Jerusalem i hug sine hugnads-ting, som ho hadde i forne dagar. Då hennar folk fall i fiendehand, og ingen hjelpte henne, då såg fiendarne henne; dei log åt hennar tjon.
8 Storleg hev Jerusalem synda, difor hev ho vorte eit styggje. Alle dei som æra henne, vanvyrder henne, for dei såg hennar skam. Ja, ho sjølv sukka og snudde seg ifrå.
9 Utsulka er hennar klæde av hennar ureinska; ho tenkte ikkje på endelykti. Hennar fall var reint som eit under; ingen trøysta henne. Sjå, Herre, min stakarsdom, for fienden gjer seg stor.
10 Si hand rette fienden ut etter alle hennar hugnads-ting; ja, ho såg heidningar koma inn i hennar heilagdom, dei som var forbodne å koma i di samling.
11 Alt hennar folk sukkar med dei vil finna seg brød; dei gjev sine hugnads-ting for mat til å kveikja sjæli. Sjå, Herre, og skoda etter! for eg hev vorti svivyrd.
12 Tek det dykk ikkje, alle de som fer vegen framum? Skoda etter og sjå, um ein lagnad var so tung som min - den sorgi Herren hev etla meg på sin brennande vreide-dag.
13 Frå høgdi sende han eld i mine bein og trakka deim sund. Han breidde ut eit garn for mine føter, han støytte meg undan, han gjorde meg aud, sjuk all dagen.
14 Mitt synde-ok batt han saman med si hand; ihopknytt er det lagt på min hals - tok magti ifrå meg. Herren hev gjeve meg i henderne på deim eg ikkje kann standa meg for.
15 Herren agta for inkje alle dei velduge hjå meg; han hev kalla i hop ei samling mot meg til å krasa mine gutar. Herren trødde vinpersa for møyi dotteri Juda.
16 Yver dette græt eg; mitt auga, mitt auga let tårorne renna; langt burte frå meg er trøystaren som skulde kveikja mi sjæl. Mine born er tynte, for fienden vart den sterkaste.
17 Sion retter ut sine hender; ingen trøystar hev ho. Herren baud ut imot Jakob hans fiendar rundt ikring; Jerusalem byd deim imot som eitkvart ureint.
18 Rettferdig er han, Herren; for eg gjorde meg hard mot hans munns ord. Høyr no, alle folk, og sjå min tunge lagnad; mine møyar og gutar for fangar burt.
19 Eg kalla på mine elskarar; dei sveik meg. Mine prestar og styresmenner let livet i byen, med dei leita etter mat til å metta seg med.
20 Sjå, Herre, eg er i trengsla! Det syd inni bringa og barm, hjarta snur seg i mitt brjost, for eg var so tråssug. Ute hev sverdet gjort meg barnlaus, inne er det som dauden.
21 Dei høyrde kor eg sukka, eg; åt meg var der ingen trøystar. Alle mine fiendar høyrde um mi ulukka; dei gledde seg yver at du hadde gjort det. Men du let koma ein dag du hev forkynt; og då skal dei verta som eg.
22 Lat all deira vondskap koma for di åsyn, og gjer mot deim som du hev gjort mot meg for alle mine synder skuld. For mine sukkar er mange, og hjarta mitt er sjukt.
1 Kor hev Herren i sin vreide sveipt Sions dotter i myrkeskodda! Han kasta frå himmelen ned til jordi Israels herlegdom, og han kom ikkje i hug sin fotskammel på sin vreide-dag.
2 Utan nåde lagde Herren i øyde alle Jakobs bustader. I sin vreide reiv han ned for dotteri Juda hennar sterke borger og kasta deim til jordi. Han vanhelga riket og hovdingarne.
3 I sin brennande vreide hogg han av alle Israels horn; han drog si høgre hand attende, endå fienden var der. Han brende Jakob lik ein eldsloge som øyder rundt ikring.
4 Han spente sin boge som ein fiend’, med si høgre hand stod han fram som ein motstandar og drap alt våre augo hadde hugnad i. I tjeldet åt Sions dotter auste han ut sin vreide som ein eld.
5 Herren er vorten som ein fiend’, han hev lagt Israel i øyde, lagt alle hennar slott i øyde, gjort tjon på hennar borgar; so hev han dunga i hop på dotteri Juda sorg og sut.
6 Og han hev brote ned som av ein hage sin gard, øydelagt sin samlingsstad. Herren hev late både høgtid og kviledag verta avgløymde i Sion, og støytt ifrå seg konge og prest i sin harmfulle vreide.
7 Herren forsmådde sitt altar, stygdest ved sin heilagdom. Murarne kring hennar slott gav han i fiendevald. Dei let si røysti ljoma i Herrens hus som på ein høgtidsdag.
8 Herren etla øydeleggja muren for Sions dotter. Han strekte ut si mælesnor og heldt ikkje handi si att frå herjing. Og han let voll og mur syrgja; ormegta ligg dei der i lag.
9 Dei er sokne i jord, hennar portar, han hev brote og krasa hennar stengslor; hennar kongar og hovdingar er hjå heidningfolki, det bid ikkje meir nokor lov. Hennar profetar hev ikkje heller fenge nokor syn frå Herren.
10 Dei sit på jordi tegjande, styresmennerne åt Sions dotter; dust hev dei drust uppi kruna, gyrdt seg med sekk. Dei luter mot jord sine hovud Jerusalems-møyarne.
11 Mine augo talmast av tåror, det syd inni bringa og barm, og livri hev runne til jordi - for tjonet på mitt folks dotter; for born, jamvel sogborn vanmegtast på gatorne i byen.
12 Dei ropa til møderne sine: «Kvar er korn og vin?» vanmegtast som gjenomstungne på gatorne i byen då dei andast ved modersbarm.
13 Kva skal eg vitna for deg, kva skal eg likna deg attåt, du Jerusalems dotter? kva likning skal eg finna fram åt deg til å trøysta deg med, du møy, Sions dotter? For stor som eit hav er din skade, kven kann lækja deg?
14 Dine profetar såg deg syner med fåfengd og dårskap; dei hev ikkje synt deg di misgjerning, so dine fangar kunde koma attende, men dei såg deg syner, fulle med fåfengd og forføringar.
15 Dei slær henderne i hop yver deg, alle som gjeng vegen framum. Dei blistrar og rister på hovudet yver Jerusalems dotter: «Er dette byen som dei kalla «den storfagre», «ei frygd for all jordi»?»
16 Dei spilar upp i mot deg sitt gap alle dine fiendar, blistrar og bit i hop tenner; dei segjer: «Me hev gløypt henne. Ja, dette er den dagen me stunda på; me fekk då liva og sjå den dagen.»
17 Herren hev gjort det han hadde tenkt, hev fullført sitt ord, den rådgjerdi han tok alt i forne dagar; han hev rive ned utan nåde, og han let fienden frygda seg yver deg, let dine uvener bera hornet høgt.
18 Hjarto deira ropar til Herren. Du mur kring Sions dotter, du strigråte dag og natt! Unn deg ikkje kvild! Gjev ikkje din augnestein ro!
19 Statt upp, ropa høgt um natti, når nattevaktene tek til! Renn ut som vatn ditt hjarta framfor Herrens åsyn! Lyft upp til honom dine hender til livsens frelsa for dine born, som vanmegtast av svolt på kvart gatemot!
20 Sjå, Herre, og skoda etter! Kven annan for du åt soleis? Skal kvende sitt avkjøme eta, småborn, som på armar dei ber? Skal ein slå i Herrens heilagdom prest og profet i hel?
21 På jordi i gatorne ligg ung og gamall. Mine møyar og gutar er falne for sverd. Du slo i hel på din vreide-dag, du slagta utan nåde.
22 Du kalla som på ein høgtidsdag rædslor mot meg alle stader ifrå; og på Herrens vreide-dag fanst det ingen som vart berga og slapp undan. Deim eg hev bore på armar og ale upp, hev min fiende tynt.
1 Eg er mannen som naudi såg under hans vreide-ris.
2 Meg hev han ført og late ferdast i myrker og ikkje i ljos.
3 Berre mot meg vender han si hand upp att og upp att heile dagen.
4 Han hev late meg eldast i hold og hud, han hev krasa mine bein.
5 Han bygde att for meg og ringa meg inn med beiska og møda.
6 I myrkret hev han set meg, lik deim som longe er daude.
7 Han mura att for meg, so eg kjem meg ikkje ut; tunge gjorde han mine lekkjor.
8 Endå eg kallar og ropar, let han att for mi bøn.
9 Han mura fyre mine vegar med tilhoggen stein, gjorde det uført på min stig.
10 Ein lurande bjørn var han mot meg, ei løva i løyne.
11 Til villstig gjorde han min veg; han reiv meg sund og lagde meg i øyde.
12 Han spente sin boge og sette meg til skotmål for si pil.
13 Han let renna inni mine nyro pilehus-sønerne sine.
14 Eg vart til lått for alt mitt folk, deira nidvisa heile dagen.
15 Han metta meg med beiske urter, han gav meg malurt å drikka.
16 Han let meg knasa mine tenner på småstein, han grov meg ned i oska.
17 Og du støytte burt frå fred mi sjæl; eg gløymde kor det var å hava det godt.
18 Og eg sagde: «Det er ute med mi kraft og med mi von til Herren.»
19 Kom i hug mi naud og mi utlægd - malurt og beiska.
20 Ho minnest det, sjæli mi, og er nedbøygd i meg.
21 Dette vil eg leggja meg på hjarta, og difor vil eg vona:
22 Herrens nåde det er, at det ikkje er ute med oss, for hans miskunn er enn ikkje all.
23 Kvar morgon er ho ny, å, stor er din truskap.
24 Min lut er Herren, segjer mi sjæl; difor vonar vil eg vona på honom.
25 Herren er god med deim som ventar på honom, med den sjæl som søkjer honom.
26 Det er godt å vera still for Herren og venta på hans frelsa.
27 Det er godt for mannen at han ber ok i sin ungdom,
28 at han sit einsleg og tegjande, når han legg det på,
29 at han luter seg med munnen mot moldi - kann henda det enn er von -
30 at han held fram si kinn til slag, let seg metta med svivyrda.
31 For Herren støyter ikkje æveleg burt.
32 For um han legg på sorg, so miskunnar han endå etter sin store nåde.
33 For det er ikkje av hjarta han legg møda og sorg på mannsborni.
34 At dei krasar under fot alle fangar i landet,
35 at dei rengjer retten for mannen framfor åsyni til den Høgste,
36 at ein gjer urett mot ein mann i hans sak - ser ikkje Herren slikt?
37 Kven tala, og det vart, um Herren ikkje baud?
38 Kjem ikkje frå munnen til den Høgste både vondt og godt?
39 Kvi skal eit livande menneskje klaga? Kvar syrgje yver si synd!
40 Lat oss ransaka våre vegar og røyna deim og venda oss til Herren!
41 Lat oss lyfta våre hjarto likeins som våre hender til Gud i himmelen!
42 Me hev synda og vore ulyduge, du hev ikkje tilgjeve.
43 Du sveipte deg i vreide og elte oss, du slo i hel utan nåde.
44 I skyer sveipte du deg, so ingi bøn rakk fram.
45 Til skarn og styggje hev du gjort oss midt imillom folki.
46 Dei spila upp sitt gap imot oss, alle våre fiendar.
47 Gruv og grav det vart vår lut, øyding og tjon.
48 Tårebekkjer strøymer or mitt auga for tjonet på mitt folks dotter.
49 Mitt auga sirenn, roar seg ikkje,
50 fyrr Herrens skodar etter og ser frå himmelen.
51 Mitt auga gjer meg hjarte-ilt for kvar ei av døtterne i min by.
52 Dei jaga og elte meg som ein fugl, dei som var mine fiendar utan orsak.
53 Dei vilde taka livet av meg nede i brunnen, dei kasta stein på meg.
54 Vatnet flødde yver mitt hovud, eg sagde: «Det er ute med meg.»
55 Eg påkalla ditt namn, Herre, utor den djupe hola.
56 Mi røyst høyrde du; haldt deg ikkje for øyro når eg ropar um lindring.
57 Du var nær den dagen eg kalla på deg; du sagde: «Ikkje ottast!»
58 Du, Herre, hev ført saki for mi sjæl, du hev løyst ut mitt liv.
59 Du, Herre, hev set kva urett eg leid; å, døm i mi sak!
60 Du hev set all deira hemnhug, alle deira løynderåder mot meg.
61 Du hev høyrt deira svivyrdingar, alle deira løynderåder mot meg,
62 det mine motstandarar sagde og tenkte imot meg dagen lang.
63 Ansa på deim, når dei sit og når dei stend! um meg gjer dei nidvisor.
64 Du, Herre, vil gjeva deim av same slag som deira hender hev gjort.
65 Du vil leggja eit sveip yver deira hjarta, du vil bannstøyta deim.
66 Du vil elta deim i vreide, og tyna deim so dei ikkje bid meir under Herrens himmel.
1 Kor vert då gullet skjemt, det finaste gullet brigda, dei heilage steinarne strådde på kvart eit gatemot!
2 Sions søner, dei dyrverdige, gjæve som skire gullet, kor er dei då haldne jamgode med leirkrukkor, med eit verk av krusmakar-hender!
3 Jamvel sjakalarne held fram juret, so ungarne fær suga - Sions dotter heldt seg hard; ho likjest på strussen i øydemarki.
4 Sogbarns-tunga kleimer seg til gomarne av torste; småborni bed um brød, men ingen etlar deim noko.
5 Dei som fyrr åt forkunnmat, ormegtast no på gatorne; dei som vart borne på skarlak, lyt no liggja i møk.
6 Større vart soleis syndeskuldi til mitt folks dotter større enn syndi til Sodoma, som vart søkkt i jordi ein augneblink, utan at hender hjelpte til.
7 Hovdingarne hennar var reinare enn snø, kvitare enn mjølk, raudare i holdet enn korallar; som safir såg dei ut.
8 Myrkare enn svart er dei vortne å sjå til, ein kann ikkje kjenna deim att på gata; dei er vortne berre skinn og bein, hudi deira skrukkast som næver på tre.
9 Det var betre for deim som fall for sverd, enn for deim som fall for svolten, deim som talmast av og var tynte av brødløysa.
10 Hjartemilde kvende koka sjølve sine eigne born; dei hadde deim til mat, då mitt folks dotter vart tynt.
11 Herren tømde ut sin harm, auste ut sin brennande vreide; i Sion kveikte han eld og snøydde til grunnen.
12 Ingen konge på jord kunde tru, ingen i all verdi kunde tenkja at motstandar og fiend’ skulde koma inn i Jerusalems portar.
13 Men det hende like vel, for hennar profetar hadde synda, hennar prestar var illgjerningsmenner, dei rende ut blod av rettferdige hjå henne.
14 Dei for og vildra i gatorne som blinde, sulka med blod, so ein ikkje kunde taka i klædi deira.
15 «Hav dykk undan! Urein!» ropa folket framfyre deim; «hav dykk undan, hav dykk undan! kom ikkje burti!» Når dei flydde og vadra ikring, vart det sagt millom folki: «Her fær dei ikkje vera lenger.»
16 Herrens åsyn hev spreidt deim ikring, han ser ikkje lenger til deim. Prestar vyrder dei ikkje, gamle miskunnar dei ikkje.
17 Endå stirer våre augo etter hjelp, men til fåfengs. Frå vårt vakttårn einstirde me etter eit folk som ikkje kann hjelpa.
18 Dei lurer på våre stig, so me ikkje kann ganga på våre gator. Det er nær innpå enden med oss, våre dager er ute, ja, vår ende er komen.
19 Våre forfylgjarar var snarare enn himmelens ørnar; burtetter fjelli elte dei oss, i øydemarki lurde dei på oss.
20 Vår livsande, den Herren salva, vart fanga i deira løyngraver, han som me sagde dette um: «I hans livd skal me leva millom folki.»
21 Fagna og gled deg, du Edoms dotter, du som bur i Us-landet! Du og skal drikka same skåli, du skal verta drukki og nækja deg.
22 Di misgjerd er ende, Sions dotter. Han vil ikkje gjera deg utlæg att. Di misgjerd vil han heimsøkja, Edoms dotter, gjera synberre dine synder.
1 Kom i hug, Herre, kor det er med oss! Skoda etter og sjå, kor me er svivyrde!
2 Vår arv er komen åt framande, våre hus åt utlendske menner.
3 Farlause er me vortne, hev ikkje far. Møderne våre er som enkjor.
4 Me lyt kjøpa det vatnet me drikk, vår ved lyt me betala.
5 Våre forfylgjarar hev me på halsen; me er trøytte, fær ikkje kvild.
6 Til Egyptarland rette me hand, til Assyria, vilde mettast med brød.
7 Våre feder synda, dei er burte, me lyt bera deira misgjerningar.
8 Trælar er våre herrar, og ingen riv oss ut or deira hand.
9 Me søkjer vårt brød med livsens fåre for sverdet i øydemark.
10 Vår hud er glodheit som omnen, for svolten som gneg og brenn.
11 Kvende hev i Sion dei skjemt, møyar i byarne i Juda.
12 Hovdingar hengde dei med si hand, gamle viste dei ikkje vyrdnad.
13 Ungmenne laut bera kverni, og gutar seig ned med vedbyrdi på.
14 Dei gamle sit ikkje lenger i porten, dei unge ikkje meir med sitt strengespel.
15 Det er slutt med vår hjartans gleda, vår dans er umsnudd til sorg.
16 Kransen er fallen av vårt hovud; usæle me, at me hev synda!
17 Difor er hjarta vårt sjukt, di so er augo våre dimme -
18 for Sions fjell som ligg audt, der renner no revar ikring.
19 Du, Herre, sit æveleg konge, frå ætt til ætt stend din kongsstol.
20 Kvi vil du oss æveleg gløyma, ganga frå oss dagarne lange?
21 Vend oss, Herre, til deg, so kjem me; nya upp att våre dagar frå gamalt!
22 For du kann vel ikkje reint ha støytt oss burt, vera so ovleg harm på oss.